Dårlige tider for strikkemani

admin | Udefinert | Thursday, September 20th, 2007

Vel, dato for levering av ei større oppgåve nærmar seg, så eg har lova meg sjølv at det ikkje blir strikking før mandag 22 oktober kl 12 ! Då er eg derimot fri som fulglen til å strikke alt eg orkar, og gjett om eg gler meg!

Status, Ravelry

admin | Udefinert | Friday, September 7th, 2007

# You signed up on August 5, 2007
# You are #23179 on the list.
# 11584 people are ahead of you in line.
# 8214 people are behind you in line.
# 36% of the list has been invited so far

Det tar si tid, men den som venter på noe godt osv…  Apropos godt, eg var ein tur i Oslo igår, og fekk snopa med meg ett og anna frå Panduro Hobby og Husfliden. Blant anna fann eg 15 cm stømpepinner, og det gjer det nok lettare når eg skal legge opp til ein duk eller to. På Husfliden fann eg og ei strikkeprøve med torpamønster, så eg konkluderer med at dei suverene sokkane frå veninnna mi er (som eg trudde) i torpamønster. Ellers har eg eit lite lager med spelsauull  frå  Hoelfeldt Lund som eg skal finne på noko lurt med - og igjen, Husfliden hadde lagt ut ein prøvelapp med det samme garnet, vaska på 40 grader, og det såg veldig bra ut. Men, nok drøymeri for no, eg har ei oppgave å skrive ferdig!

Kviknar til !

admin | Strikking | Sunday, September 2nd, 2007

Etter å la lagt paddeflat i over ei veke med vannkoppar er eg endeleg på bedringens veg, for eg har klart å få strikka litt om ikkje anna. Det har gått i baskerluer, og eg måtte strikke 3 før eg vart fornøgd ! Ellers tuklar eg litt med kunststrikk. Eg har ikkje strikka duk før, og tenkte at dette er enkle saker, og det er det , så lenge eg 1) følger med, og 2) ikkje får en heil masse tvangstankar i haudet om at hmm, 8 masker bør være på 4 pinner og ikkje 3 som det står i oppskrifta. Men, Falck Ervik kan dette med kunststrikk,mao gjer eg som ho seier og aksepterer framgangsmåten.

Tunikaen min har eg ikkje strikka så mykje på i det siste, og ellers er det fortsatt en arm igjen å strikke på husbonds gensar. Dog, variasjon i strikkinga er viktig, og nedenfor er det nokre bilder av siste dagars avkobling. Den svarte baskerlua er strikka i fritidsgarn, den brune i silke-babyalpakka. Duken eg helde på med blir strikka i DMC Petra.

dsc00607.JPGStrikka dukBrun baskerlue

Powered by WordPress | Theme by Roy Tanck