Sokker i torpa mønster
Dette er sokker ei god veninne har strikka til meg, Og dei er fantastiske og TØFFE. Eg meiner det er torpamønster og at det finnes i fleire variantar. Er det noken andre som veit ?
Dette er sokker ei god veninne har strikka til meg, Og dei er fantastiske og TØFFE. Eg meiner det er torpamønster og at det finnes i fleire variantar. Er det noken andre som veit ?
Den rosa jakka, før eg har fått på ein knapp og ellers dampa den. ( Dampe den skulle eg nok gjort FØR eg monterte den.. ) Her er og eit bilde av den svarte hekla veska, og så måtte eg ta med eit bilde av oldemors nupereller. Tanta mi var så snill å gje dei til meg, så eg har ramma dei inn og no heng det på stova.
Eg er altså ikkje heilt nøgd med bloggen min, og den ser litt rar ut no, men det blir betre berre eg lærer meg den css editoren seg har fått tak på. Det blir flotte saker håper eg, får det ser ut som eg kan tukle så mykje eg vil med sida mi ved hjelp av den. Ellers vurderast pusa mi å døypast om til Frøken Houdini, etter at ho viser stort talent for å bryte seg ut av tvangstrøya si. Den andre pusen vår, ein ” liten ” hankatt på snart 7 månedar og 4,5 kg kjedar seg no som Frk. Houdini ikkje er så leiken som ho brukar å være. Men eg trur ikkje det er så mange dagane igjen til dei vekslar mellom hengiven kosing og slåssing.
Sjølvsagt ! Når eg sletta gammal blogg forsvann alle bildene eg hadde overført hit. Typisk nybegynnerfeil !Men greitt nok, eg tek berre nye bilder. Å få utforma sida slik eg vil ha den, det er noko anna….*grrrrrr* Eg skal nok klare å tukle det til slik eg vil, men må nok finne meg nåke bra htmlgreier å lese på.
Ellers er prinsessepusa mi i vesentleg betre form idag. Etter ei ekstra runde med antibiotika igår ser såret (etter steriliseringa) vesentlig betre ut idag. Så eg håper vi får tatt stingene torsdag og pusa kan sleppe ut av tvangstrøya eg har klistra på henne. Tvangstrøya er forøvrig kreeert av husbonds avlagte t-skjorter, klipt i slik passe fasong og klistra fast med sportstape. Eg burde ha sydd henne ei pen og fin tvangstrøye, men eg er ikkje så god på symaskina mi. (Kanskje det er quiltekurs til hausten, så kan eg ta det som sytrening ? )
Så er eg endeleg på eige domene ! Litt meir triksing og miksing med fargar , template og fontar, så skal det begynne å bli bra tenkjer eg . Og snart har eg montert ferdig den dropsrosa jakka. Desverre er det ikkje nydeleg arbeid på sømmane, men eg satser på at eg vil få god hjelp frå vaskemaskina mi der…
Det var på tide å prioritere husbond med ein gensar, og her er resultatet så langt. Ikkje det mest avanserte mønsteret, men husbond er nøgd så langt og det er det viktigaste. Pusemann er også nøgd ser det ut som !
Ellers har eg fått pakka med garn ( Rowan Handknit) frå Pinnsvin design kor eg og kjøpte meg strikkepinnar i ibenholt. Gledar meg som ein liten unge til å begynne på jakka frå Rowan, og ellers teste ut dei nye pinnane!! Den nye bloggen min er eg ikkje fått begynt på, men håpar å snart få starta på det og
Den rosa jakka mi ( frå Stitch’n Bitch) er og ferdig strikka, men eg er ikkje fornøgd med korleis eg har sydd delane, så eg må tenke litt på korleis eg skal gjere det. Eg har ikkje strikka jakke før (eller genser for den del), så eg er uerfaren på dette med montering. Men det skal nok gå. ![]()