Den strikka brødkluten vart stor sukess hos tanta mi, så det var veldig kjekt!Ellers har eg klart å bli ferdig med den hekla veska mi, og snart snart er eg ferdig med strikkajakka mi og. Det er berre 15 cm igjen å strikke på ermet, så er den klar for montering. Det blir spennande, for eg har ikke strikka jakke før, så eg er spent på om eg får gjort det skikkeleg… Og sjølvsagt har eg nye prosjekter klare, eg skal strikke ei jakke fra Rowan og så skal eg strikke ein gensar til husbond. Og så var det den masteroppgåva eg skulle gjere ferdig og………eg har pr. definisjon ikkje fritidsproblem! Bloggen min vil og bli flytta over på ny adresse etterkvart, så om tid og stunder vil den ligge på www.irmelin.no. Wordpress fungerer på mange måter bra nok, men eg vil ha større mulighet til å styre korleis bloggen skal sjå ut.
Jakka er veldig rosa, så eg kjeme vel til å sjå ut som et drops! Eg har brukt Smart garnet til den. Veska er hekla i Sandenes Fiesta, og eg er ganske fornøgd med den bortsett frå at eg skulle ha valgt et garn som var merisert. Den blir litt “flat” og tam i fargen. Ellers fungerer den aldeles utmerkt !



Eg har vore litt flittig i det siste, så eg har omsider fått strikka brødkluten til tanta mi. Meininga er at den skal kunne brukast til å slengast over nybakte brød, eller berre som “pynt” over det ein har liggande av bakst i ei lita korg, så eg er spent på om den fell i smak. Eg har brukt bomull-lin garnet til garnstudio til det prosjektet. Oppskrifta på midtstykket har eg henta frå Heirloom Knitting.
Ellers held eg på med eit veskeprosjekt. Korfor kjøpe billige vesker, når ein kan lage dei sjølv mykje dyrare ??? Eg er spent på korleis den blir ferdig, og eg har kjøpt nokre glasperler til å ha på noke snorgreier. Her har eg brukt ei oppskrift fra Rowan nr 41. Bildene av veska erlitt utydelege, så det får eg fikse litt seinare….for eg skulle visst skrive litt på oppgåva mi idag og…. !
I dag har eg fått bestilt meg nokre nye bøker fra Amazon, og eg kan no glede meg til at følgande kjem ramlande ned i postkassa mi innan kort tid:
Stitch’n Bitch : A knitters design journal
Stitch’n Bitch Crochet: The Happy hooker ( suveren tittel)
Vogue Knitting on the go: Bags and bagpacks
Og ei bok som heter “The social construction of reality”, som ikkje omhandlar handarbeid. Alt er sjølvsagt svært lystbetont og nødvendige innkjøp, og for den som skulle tru at dette kosta ei formue så kan eg avkrefte det. 320 kr, porto inkludert.Halleluja !
So kjekt å lese kommentarar på prosjekta mine!Takk til dokke som tok dokke tid 
Ellers helde eg på å strikke ei jakke - oppskrifta har eg funne i Stitch’nBitch boka, og eg har att berre ein arm og eit forstykke, så eg håper eg har klart å få til strikkefastheten. Det ser greit ut så langt, men….Den er sjølvsagt rosa, så no er det vel snart på tide å begynne å variere fargebruken min og.. Bilder kjem etterkvart, med forbehald om suksess…




Gimpa sjal, strikka hue, pjona votta og ein nuperelle engel.På dei to første har eg brukt Alpakkagarn, på vottane Rauma vamsegarn. På nuperelleengelen har eg brukt DMC perlegarn.

Dette er eit sjal eg vart ferdig med for nokre veker sidan. Mønsteret er Kerry Blue Square Shawl, og er henta frå Martha Waterman si bok ” Traditional Knitted Lace Shawls”. Eg har brukt Bånsull sitt garn silke-merinoull, og strikka på pinne 3 1/2.
Endeleg min eigen handarbeidsblogg! Eg både spøta, heklar og broderer(plattsøm), men innimellom pjaskar eg med nupereller,gimping, hakking og pjoning. Noko av det beste eg veit er å gå på garnbutikkar. Men eg likar og å snoke etter strikkebøker på amazon. For dei som skulle undrast over kva spøt tyder, så er det eit ord for strikking og strikketøy der eg kjem frå. Å spøte betyr å strikke, og : “kor e spøtet mitt?” betyr ganske enkelt ” kor er strikketøyet mitt ?”.